Trandal Blues siden 2008

Trandal Blues siden 2008

Publisert den 29.05.2024 av Lydkjelleren AS

Lydkjelleren AS har vært med Trandal Blues siden 2008.

Vi har hatt gleden av å levere alt av scene, lys og lyd til den populære bluesfestivalen, helt tilbake til 2008. 

Og i 2015 fikk vår egen Erik Valderhaug tildelt Bratt og blått-prisen for sin innsats. Her kan du lese hva juryen skrev som begrunnelse: 

 

Bluesprisen skal delast ut til dei som fortener det, når vi vil og til kven vi vil. Det er dei einaste høgtidlege statuttene. I år tenkte vi oss om, og vi var ikkje i tvil!

Eg har alltid meint at Ivar Aasen har litt blues i seg. I alle fall innimellom. For:

"Til lags åt alle kann ingen gjera; det er no gamalt og vil so vera."

Eg tykkjer alltid at det høver best å hjelpa den som treng det mest.

Og grunnen til å sitere Ivar Aasen, er nettopp denne: Vår mann hjelper den som treng det mest. Og han gjer truleg dei fleste til lags. Nesten. Og nettopp difor har han fortent all heider. Han har alle dei eigenskapane som trengst: ro, problemløysing, tryggleik og kontroll. Og han "tykkjer stødt at det høver best å hjelpa den som det treng mest."

Musikk er formidling. Då vi i Bratt og Blått var i ei forunderleg stemning, ønskte å lage festival, og hadde ei merkeleg tru på neste år, var spørsmålet: Korleis får vi dette til? "Er dette bra nok, vil folk kome, og vil dei like seg her?" Ja, sa vår mann. Og rulla inn det som skulle til, tok kontroll, lot som ingenting og laga festival!

Ingen hadde kome og vore her om ingen hadde høyrt om det. Vi er heldige. Musikk skal nemleg høyrast.

Anlegg og utstyr kan kjøpast, dei største som finst. Men det er styringa av dette som tel. Vår mann reiser rundt, han er kjend for eit framifrå rykte. Når vi skal booke artistar i inn- og utland, og vi skal overtyde dei om at på Trandal treng dei ikkje uroa seg for lydprøvar og scenelyd, då kan eg seie at vi har Norges beste lydteknikar på plass. Og når dei høyrer namnet og seier: "Ja då så!" - "Ja då så," stemmer vi i.

Det hadde aldri vore Trandalblues utan denne mannen. Tru meg.

Musikk er lyd, og det er det aller viktigaste. I mange år har vi hatt ein av dei beste til å ordne dette for oss. Og no er det din tur, Erik Valderhaug! Herved er du tildelt Bratt og Blått-prisen 2015!

 

Sitat er hentet fra https://www.trandalblues.com/bratt-og-bltt-prisen